Oslo byarkiv
Oslo kommune, Byarkivet er det kommunale arkivet i Oslo, skipa i 1992 som ei vidareføring av kommunearkivet frå 1914. Arkivet har lokale i Maridalsveien 3, teke i bruk i september 1999.
Byarkivet er Oslo kommunes utøvande faglege organ når det gjeld å take vare på dokument og arkiv, og har ansvaret for all arkivverksemda i kommuneadministrasjonen.
Byarkivet skal take hand om arkivmateriale som skal lagrast for ettertida, og skal syte for at arkivmaterialet vert gjort tilgjengeleg for dei ulike gruppene av brukarar. Oppgåver og overordna mål for verksemda vart fastsett av bystyret i Vedtekter for Byarkivet (Bystyrets sak 15/92). Kommunens arkivordning og Byarkivets rettar og oppgåver er ytterlegare skildra i Arkivinstruks for Oslo kommune (vedteke av Bystyret 22/6-99).
Byarkivets nye magasin er på 21.000 hyllemeter, og reolsystema er elektrisk drive og elektronisk styrte.
Byarkivet er leia av ein byarkivar, og er organisatorisk delt inn i to seksjonar, ein for moderne arkiv og ein for historiske arkiv.
Seksjon for moderne arkiv
endreSeksjonen har ansvaret for:
- Rettleiing i aktiv arkivskaping for alle verksemder i Oslo kommune
- Utvikling og vedlikehald av Oslo kommunes arkivnøkkel
- Kurs og opplæring
- Synfaringar i kommunens verksemder
- Utarbeiding av regelverk og instruksar som har med kommunens arkiv å gjere
- Mottak av elektroniske arkiv
Seksjon for historiske arkiv
endreSeksjonen har ansvaret for:
- Mottak av arkiva frå Oslo kommune
- Mottak av privatarkiv
- Ordning og katalogisering av arkiva
- Publikumsteneste
- Saksførehaving som har å gjere med dokumentasjon av juridiske rettar
- Formidling og kulturvern
Byarkivet gjev ut tidsskriftet Tobias, tidsskift for arkiv og oslohistorie.