Osmansk-venetianske krigar
Osmansk-venetianske krigar kan vise til:
- Omleiringa av Tessaloniki (1422–1430), førte til at osmanarane erobra Tessaloniki. Sjølv om det ikkje formelt sett vert rekna som ein del av dei osmansk-venetianske krigane, involverte han venetianarar mot osmanarar.
- Den første osmansk-venetianske krigen (1463–1479), førte til erobringa av Negroponte, Lemnos og Albania Veneta av osmanarane.
- Den andre osmansk-venetianske krigen (1499–1503), førte til erobringa av fleire øyar i Egearhavet og dei venetianske skansane i Morea (Peloponnes) av osmanarane
- Den tredje osmansk-venetianske krigen (1537–1540), førte til erobringa av Kykladane, utanom Tinos, Sporadane og den siste venetianske skansen i Morea av osmanarane.
- Den fjerde osmansk-venetianske krigen (1570–1573), førte til erobringa av Kypros av osmanarane, til tapet for flåten deira i slaget ved Lepanto i 1571
- Den femte osmansk-venetianske krigen eller Kretakrigen (1645–1669), førte til erobringa av Kreta av osmanarane.
- Den sjette osmansk-venetianske krigen eller Moreakrigen (1684–1699), førte til erobringa av Morea (Peloponnes), Lefkada, Aigina og delar av Dalmatia av Venezia.
- Den sjuande og siste osmansk-venetianske krigen (1714–1718), føre til gjenerobringa av Morea (Peloponnes) og Tinos og Aigina, dei siste venetianske områda i Egearhavet, av osmanarane.