Oude Rijn i Gelderland
Oude Rijn (Gamle Rhinen) er namnet på ein lang tidlegare sving i Rhinen i provinsen Gelderland i Nederland.
Om sommaren vart svingen for grunn for elvefart, så mellom 1701 og 1709 vart det grave ut ein kanal gjennom svingen nær byen Lobith kalla Pannerdens Kanaal. Oude Rijn, som tidlegare danna grensa mellom den nederlandske byen Lobith og den tyske byen Elten vart framleis nytta til å ta imot vatn når Rhinen flauma over fram til 1900-talet. På andre sida for byen Angeren renn Oude Rijn ut i Pannerdens Kanaal og elva held fram vidare nedover mot Nordsjøen som Nederrijn (Nedre Rhinen).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oude Rijn (Gelderland)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2008.