Over Water
Over Water er eit lite vatn nord i Lake District i England, nær landsbyen Longlands. Sjølv om han berre ligg ein 15-minuttars køyretur frå Keswick er han langt rolegare enn dei meir kjende innsjøane. Binsey, Great Cockup og Longlands Fell ligg kring innsjøen.
Over Water | |||
innsjø | |||
Over Water sett frå Latrigg (Uldale)
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Høgd over havet | 188 moh. | ||
Koordinatar | 54°42′17″N 3°09′45″W / 54.70472°N 3.16250°W | ||
Øyar | ingen | ||
Over Water 54°42′17″N 3°09′45″W / 54.704722222222°N 3.1625°W | |||
Wikimedia Commons: Over Water (Cumbria) |
Over Water var ein liten naturleg innsjø, som vart demd opp i 1920-åra for å auke kapasiteten. I dag er han drikkevasskjelde for byen Wigton. Demninga ligg i nordenden.
Namnet på vatnet har endra seg over tida. Det vart kalla 'Orre Water' i 1687, som kjem frå det norrøne namnet 'Orri's tarn' som tyder «orrfugl-tjernet».[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Over Water» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mai 2008, henta 30. mars 2010