Overgangsnamn
Overgangsnamn er den astronomiske namnekonvensjonen som blir brukt for astronomiske objekt rett etter at dei er oppdaga. Det provisoriske namnet blir som regel erstatta med eit permanent namn så snart forskarane har vorte i stand til å rekne ut omløpet nøyaktig. For asteroidar er det funne så mange, at mange av dei vil aldri få namn av dei som oppdaga dei.
Asteroidar
endreDagens overgangsnamnesystem for asteroidar har vore i bruk sidan 1925. Det erstatta fleire tidlegare system som var blitt ubrukbare på grunn av stadig nye asteroideoppdagingar.