Pål Mikkelsson Lade
Pål Mikkelsson Lade (1744–1823) var ein norsk gardbrukar på Lade i Syvde.
Liv og gjerning
endrePål brukte farsgarden (1) på Lade frå 1770 til -95. Han selde bruket i 1785 og var sidan leiglending. Pål var gift 1770 med Brite Monssdotter frå Almklov i Vanylven (1744-1819). Minst seks born voks opp i heimen deira: Mikkel, Marte (Hatlebrekke 1), Borghild (Litje-Kjøde 2 i Selje), Hans 1779 (Indre-Sætre 1), Inger (Myklebust 21) og Mons (1785-1849). Eldstesonen Mikkel tok over drifta av farsgarden.
Pål Mikkelsson bygde i 1800 ein «steen Koefjøs»; 14 alner lang, 7 alner brei og 3 alner høg, og 2 alner djup («i Grunden»). Åra 1799 og 1800 sette han opp eit 72 famner langt og halvtanna famner høgt steingjerde for å «indhegne et Stykke af Udmarken». For desse tiltaka vart han i 1802 tildelt 4 riksdalar av «Det Nyttige Selskab».
Folketeljinga 1801 kallar Pål «Huusmand med Jord».
Kjelder
endre- Bygdebok for Syvde sokn, s. 406. 1983.
- Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 16. oktober 1802
- Folketeljinga 1801: Lade.