Pål Trulsen

Pål Trulsen (fødd 19. april 1962) er ein norsk curlingspelar frå Oslo.

Pål Trulsen

Paal Trulsen.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1962 (61 år)
Drøbak
Idrett curling
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Curling under Vinter-OL 2002

KarriereEndra

Pål Trulsen deltok i OL 1992 i Albertville, der curling var demonstrasjonsgrein. Her tok det norske laget sølvmedaljar, etter å ha tapa for Sveits i finalen. Etter fire skuffande VM-turneringar i 1993, 1997, 1999 og 2000 tok Trulsen VM-bronse i 2001. Eit år seiare vart Trulsen verdsberømt da Noreg tok gullmedaljen ved å slå Canada i finalen i Salt Lake City-OL.

Etter OL-gullet tok Trulsen sølv i VM 2002 og bronse i 2003. I 2005 vann Trulsen EM-finalen mot Sverige. Dette var det første norske EM-gullet i curling sidan 1993. I Torino-OL i 2006, kom Trulsen og laget hans på femte plass.

BakgrunnsstoffEndra