Pålestikk
Pålestikk er ein type knute som dannar løkke på tauenden som ikkje utvidar seg.
Det enklaste pålestikket lagar vi ved å vri tauet til ein løkke, plassere tampen gjennom denne løkka, rundt langparten, og tilbake gjennom løkka, slik at vi lagar eit flaggstikk der.
For kvar knute vi nyttar for å skjøte to tau saman, finst det ei tilsvarende løkke. Pålestikk kan seiast å vere ei flagstikkløkke.
Løkka som vert danna av eit pålestikk
- vil ikkje utvide seg,
- vil som regel ikkje løsne av seg sjølv,
- vert løsna enkelt sjølv etter at ho har bore mykje vekt, ved å bøye hovedtauet,
- er ikkje bombesikker i si enklaste form; den lause enden må sikrast mot å arbeide seg bakover under bruk.