Pibroch

(Omdirigert frå Pìobaireachd)

Pibroch, piobaireachd eller ceòl mòr er ei form for kunstmusikk som særleg er knytt til Det skotske høglandet og er kjenneteikna av langstrekte komposisjonar med eit melodisk tema og forseggjorte formelle variasjonar. Det skotsk-gæliske ordet piobaireachd tyder bokstaveleg ‘pipespeling’, og har vore musikk for skotsk sekkepipe i rundt fire hundre år.[1]

Ein meir generell term er ceòl mòr, som tyder ‘stor musikk’ (for å skilja denne komplekse utvida kunstmusikken frå den meir populære skotske musikken som dansar, reelar, marsjer og strathspeyar, som blir kalla ceòl beag eller ‘liten musikk’). Denne termen omfattar musikk av liknande natur som pibroch, som stammr frå før ein byrja nytta den store sekkepipa, og har historisk blitt spelt på harpe (clàrsach) og seinare på skotsk fele.

Skildring og opphav

endre

Pibroch blir uttrykt i små og ofte subtile variasjonar i notelengd og tempo. Tradisjonelt blei musikken overført ved hjelp av eit system av unike sungne ord som blir kalla Canntaireachd, ein effektiv metode for å visa til ulike delar av pibroch-musikk som hjelpte læraren med å uttrykke og memorera melodien på rett vis. Det viktigaste ordsystemet som blir brukt i dag er Nether Lorn-canntaireachd frå Campbell Canntaireachd-manuskripta (bd. 1 1797[2] og band 2, 1814).[3] Desse er brukt i seinare bøker frå Piobaireachd Society.

Relaterte ceòl mór-sjangrar blei historisk sett spelt på fele og på den keltiske harpa, eller clàrsach.[4] Harpevarianten oppstod truleg før og har truleg påverka den seinare sekkepipe-[5] og felemusikken.[6] Pibroch i den noverande forma si blei likevel utvikla på sekkepipe, og dei fleste av pibroch-melodiane som finst no er tilpassa til eller skrivne særleg for skotsk sekkepipe. Som følgje er den musikalske forma påverka av eigenskapane og avgrensingane til dette instrumentet.

Tittel og tema

endre

Dei gæliske titlane til pibroch-komposisjonane er blitt kategoriserte av Roderick Cannon i fire store grupperingar:[7]

  • Funksjonelle - helsingar, klagesongar, marsjar og samlingar.
  • Teknisk - refererer til strengt musikalske karaktertrekk av stykka, som "port" eller "glas", termar dei har til felles med harper.
  • Tekst - sitat frå songtekstar, som regel innleiande ord.
  • Korte namn - ulike korte namn som viser til stader, folk og hendingar som liknar dei som finst i skotsk populærmusikk i same periode.

Pibroch i funksjonskategorien er som regel skrivne i samband med eller blitt knytte til spesifikke hendingar, personar eller situasjonar:

  • Klagesongar (Cumha) er sorgfulle melodi som ofte er skrivne for ein avdød person. Klagesongar blei ofte skrivne etter at familiar blei flytta frå heimstaden sin, ein praksis som var svært vanleg etter jakobittopprøret i 1745.
  • Helsingar (Fàilte) er melodiar som helser ein person, hending eller stad. Helsingane blei ofte skrivne når born blei fødde, eller når ein viktig person viktg, som ein klanleiar. Mange helsingar er skrivne til minne om kjende sekkepipespelarar.
  • Samlingar (Port Tionail) er melodiar som er skrivne spesielt for ein klan. Desse melodiane blei brukte av høvdingane til å kalla saman ein klan. Tittelen samling, «Gathering», viser tradisjonelt til praksisen med å driva raid på buskapen til rivaliserande klanar.[8]
  • Ro-pibroch er meir rytmiske melodiar som blir brukte til å oppmuntra roarar medan dei kryssar havet.

Mange pibroch-melodiar har interessante namn som «Too Long in This Condition», «The Piper's Warning to His Master», «Scarce of Fishing», «The Unjust Incarceration» og «The Big Spree», som tyder på spesifikke hendingar eller moglege opphav i songtekstar.

Utøving

endre
 
Sekkepipespelar ved Highland Games.

The Pìobaireachd Society blei skipa i 1903 med mål om å ta vare på dei pibroch-melodiane som fanst, samla dei ulike versjonane, og gje ut ei autoritativ utgåve av dei. Desse normerte melodiane har lagt grunnlaget for dømminga av tevlingar på ulike Highland Games, med dommarar utnemnde av foreininga.

Pìobaireachd består som regel av ein fyrste sats som blir kalla urlar (grunnsatsen), som etablerer eit tema. Temaet blir deretter utvikla i ein serie satsar som blir stadig meir komplisert kvar gong. Etter urlar er det vanlegvis ei rekkje variasjonar og dobling av variasjonane. Så kjem taorluath-satsen med variasjonar, og crunluath-satsen, som fortset det underliggende temaet. Deretter følgjer vanlegvis ein variasjon av crunluath, vanlegvis crunluat a mach (andre variasjonar er crunluatha breabach og crunlutha fosgailte). Stykket blir avslutta med at ein vender tilbake til urlar.

Kjelder

endre
  1. Haddow, Alexander John (1982, 2003) The History and Structure of Ceol Mor - A Guide to Piobaireachd: The Classical Music of the Great Highland Bagpipe. Glasgow: The Piobaireachd Society.
  2. «1797 – Colin Campbell: Vol. 1». Henta 27. august 2023. 
  3. «1797 – Colin Campbell: Vol. 2». Henta 27. august 2023.  available online from the Pibroch Network website.
  4. Simon Chadwick, 'Ceòl mór' at http://www.earlygaelicharp.info/ceolmor
  5. David Johnson, Scottish Fiddle Music of the 18th Century, John Donald, Edinburgh, 1984
  6. See Barnaby Brown in his introduction to Allan MacDonald's "Dastirum" (ISBN 978-0-9546729-1-1).
  7. Roderick D. Cannon, Gaelic Names of Pibrochs: A Classification, Scottish Studies, 2006.
  8. Barnaby Brown, "The MacFarlanes’ Gathering (Too Long in this Condition)", AltPibroch website, posted Dec 19, 2016 MacFarlanes’ Gathering, for example, had associated Gaelic words written according to 19th-century tradition by Aindrea Triath nam Pàrlanach, chieftain of the MacFarlanes between 1514 and 1544, as follows. ’Thogail nam bó, dhìomain nam bó,’thogail nam bó théid sinn,’thogail nam bó, ri uisge 's ri ceò,ri monadh Ghlinn Crò théid sinn.’Thogail nan creach, bhualadh nan speech,’thogail nan creach théid sinn, etc. English translation: Cattle lifting, cattle rustling, cattle lifting we’ll go, cattle lifting, through rain and through mist, up the moor of Glen Croe we’ll go. Booty lifting, wasp stinging, booty lifting we’ll go, etc.