Opna hovudmenyen
Page of Life
Studioalbum av Jon and Vangelis
Utgjeve 26. august 1991
Innspelt 1991
Sjanger Elektronisk musikk
Selskap Arista
Jon and Vangelis-kronologi
The Best of Jon and Vangelis
(1984)
Page of Life Chronicles
(1994)


Page of Life er det fjerde studioalbumet til Jon and Vangelis. Det vart spelt inn i 1986 i Aten og Roma, og gjeve ut i 1991 på Arista Records. Så langt er dette det siste studioalbumet deira i lag. Det var først ikkje tilgjengeleg i USA, men vart sidan gjeven ut på ny av Higher Octave med bonussporet «Change We Must», men mangla fire andre songar og hadde nokre andre skilnader.[1]

MottakingEndra

Allmusic-skribenten Jonathan Widran skildrar songane på Page of Life som «utrulege utstillingsmonter» for synginga til Anderson og instrumenteringa til Vangelis. Tekstane vert skildra som «skarpe samfunnskommentarar».[1]

The Kitchener-Waterloo Record skildrar albumet som «gjennomgåande behageleg».[2]

SporlisteEndra

All tekst skriven av Jon Anderson, all musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «Wisdom Chain»   5:21
2. «Page of Life»   3:16
3. «Money»   6:07
4. «Jazzy Box»   3:14
5. «Garden of Senses»   6:23
6. «Is It Love»   4:27
7. «Anyone Can Light A Candle»   3:46
8. «Be A Good Friend of Mine»   4:14
9. «Shine For Me»   4:10
10. «Genevieve»   3:48
11. «Journey To Ixtlan»   5:50
12. «Little Guitar»   1:45

Amerikansk utgåveEndra

Den alternative amerikanske utgåva kom ut i 1998, og er ikkje godkjend av Vangelis. Denne alternative versjonen er ganske annleis den originale:

  • Songen «Change We Must» er lagt til.
  • Songane «Jazzy Box», «Is It Love», «Be A Good Friend of Mine» og «Journey to Ixtlan» er ikkje med.
  • «Wisdom Chain» finst i ein lengre versjon som er nesten dobbelt så lang som den originale.
  • Fleire andre spor har forskjellige miksar, særleg «Garden of Senses» og «Money».
  • Sporlista har anna rekkefølgje.
# Tittel Lengd
1. «Change We Must»   6:28
2. «Anyone Can Light A Candle»   3:43
3. «Page of Life»   3:17
4. «Money»   5:45
5. «Little Guitar»   1:42
6. «Garden of Senses»   6:42
7. «Genevieve»   3:45
8. «Shine For Me»   4:01
9. «Wisdom Chain»   10:44

2013-utgåvaEndra

I 2013 gav Cherry Red Records ut ei remastra utgåve av Page of Life"», i tillegg til fem andre Vangelis-album. Det inneheld dei same songane som 1991-utgåva, med eitt bonusspor i tillegg, «Sing With Your Eyes».

MedverkandeEndra

  • Jon Anderson - Vokal
  • Vangelis - Klaverinstrument, synthesizerar, programmering

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Widran, Jonathan. «Page of Life - Jon & Vangelis». Allmusic. Henta 17 March 2011. 
  2. «Sounds». Kitchener-Waterloo Record (Kitchener, Ontario). 6 February 1992. s. C.7. Henta 9. september 2014.