Pale-Prača
Pale-Prača (bosnisk kyrillisk Пале-Прача) er ein kommune i kantonen Bosniske Podrinje Goražde innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2]
Pale-Prača | |
---|---|
Andre namn | Пале-Прача |
Moské i landsbyen Prača | |
Styresmakter | |
Land Kanton |
Bosnia-Hercegovina Bosniske Podrinje Goražde |
Geografi | |
Flatevidd | 864 km² |
Innbyggjarar - Kommune (2013) |
904[1] |
Koordinatar | 43°45′49″N 18°45′54″E / 43.76361°N 18.76500°E |
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.praca.com.ba | |
Plassering | |
Etter Daytonavtalen vart tettstaden og det meste av den tidlegare kommunen Pale liggjande i Den bosniske serbarrepublikken. Ein mindre del vart liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina som kommunen Pale-Prača. Busetnaden Prača er hovudsete i kommunen.
Folketal
endreDei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
---|---|---|
Prača | 710 | 304 |
Turkovići | 249 | 169 |
Datelji | 174 | 112 |
Šainovići | 200 | 111 |
Čeljadinići | 86 | 48 |
Kommunen Pale-Prača | 1 972 | 904 |
Kjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.