Pall

(Omdirigert frå Palle)

Pall (norrønt pallr) er ei forhøging, avsats eller hylle som kan ha ulike bruksområde.[1]

Fotskammel eller pall.
Pall av tre
Sigerspall

Interiør endre

I norrøn tid var pall eit forhøga bordgolv langs langveggen og endeveggen i ei stove, og ein veggfast benk på eit slikt bordgolv.[2]

Også i seinare norsk byggeskikk kunne pall vera ein veggfast benk i heimar. Pallen var gjerne fylt med jord for isolasjonen si skuld, og blei nokre stader kalla arubenk eller moldbenk.[3]

Ein kunne også ha pallar som kyrkjebenkjar.[2] I nyare tid kan ein bruka omgrepet pall om ein fotskammel.

I badstover kan pallar vera hyller som blir brukt til å liggja på.[2]

På Bryggen i Bergen var pall eit rom under matskapet i ytrestova.[2]

Opphøgingar endre

I båsar kan pallen vera eit opphøgd golv.

I moderne idrett bruke ein sigerspallar til å æra først-, andre- og tredjemann i ei tevling.

Transport endre

Innan varetransport er ein pall ein laus lem for oppstabling og transport av stykkgods. Slike pallar kan lett løftast og flyttast av gaffeltruckar. Eit døme på ein slik pall er Europall.

Kjelder endre

  1. «pall» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Pall: interiørarkitektur». Store norske leksiko. 2017. Henta 11. februar 2018. 
  3. «Moldbenk». Norsk historisk leksikon (2 utg.). 2004.