Palmer Land (71°30′S 065°00′W / 71.500°S 65.000°W / -71.500; -65.000) er den delen av Den antarktiske halvøya som ligg sør for linja mellom Cape Jeremy og Cape Agassiz. Denne definisjonen av Palmer Land vart avtalt i 1964 mellom US-ACAN og UK-APC, der namnet på Den antarktiske halvøya samstundes vart godkjend. Graham Land er den nordelege delen av halvøya og Palmer Land den sørlege.

Kart over Den antarktiske halvøya med Palmer Land like nedanfor Graham Land.
Den antarktiske halvøya med Palmer Land på venstresida av dette kartet.

Heilt i sør strekkjer Den antarktiske halvøya seg vestover og Palmer Land grensar til Ellsworth Land langs 80° W. I sør grensar Palmer land til den isdekte Carlson Inlet, ein arm av Filchner isbrem, som kryssar 80° W-linja. Dette er basen til Cetus Hill

Landområdet er kalla opp etter kaptein Nathaniel B. Palmer, ein amerikansk selfagar som utforska Den antarktiske halvøya sør for Deception Island i «Hero» i november 1820.[1]

Kjelder endre

  1. Howgego, Raymond (2004). Encyclopedia of Exploration (Part 2: 1800 to 1850). Potts Point, NSW, Australia: Hordern House. Arkivert frå originalen 17. februar 2020. Henta 13. oktober 2012.