Panserskip eller kystslagskip er ein type krigsskip som er verna av panser. Den skipstypen som oftast blir omtala som panserskip var ein type høvesvis tungt pansra krigsskip med store kanonar, men med eit deplasement på langt mindre enn 10 000 tonn.

Det norske panserskipet «Tordenskjold» frå den første norske panserskip-klassen, Tordenskjold-klassen, bygd i 1897.
HMS «Sverige», eit svensk panserskip bygD i 1915 og utrangert i 1953.

Skipstypen oppstod som ei vidareutvikling av monitorane, som hovudsakleg marinane i mindre land hadde nytta til kystforsvar sidan den amerikanske borgarkrigen, fram til denne skipstypen mista sin militære verdi mot 1870. Monitorane hadde lågt fribord og eigna seg dårleg langs vêrutsette kyststrok. Panserskipea var skip med høgt fribord, kraftig panser for storleiken, og kraftige kanonar. Skipa hadde ikkje spesielt gode eigenskapar på ope hav, og var laga med tanke på kystforsvar. Skipstypen har muligens opphav i den svenske Svea-klassen panserskip, bygd frå 1883: HMS «Svea», HMS «Göta» og HMS «Thule».

Avhengig av kva definisjon ein vel, varierer epoken for då panserskipa var gjeldande. Som mindre, pansra kystforsvarsskip heldt skipstypen seg til rundt 2. verdskrigen, då dei eldste panserskipa framleis var i bruk i nokre marinar (mellom anna den norske). Før og etter 2. verdskrigen blei skipstypen erstatta av skip som motortorpedobåtar, jagarar og fregattar. Panserskipa var som oftast dei største skipa i dei marinane dei var ein del av.

Kjelder endre