Pantsetjing er det å gje pant som tryggleik for eit lån. Pante kan ha form av

  • handpant, der debitoren fysisk gjev det som blir pantsett til kreditor, t.d. ved gje kreditor verdipapir som tryggleik.
  • underpant, der kreditor tek imot eit tinglyst pantebrev i aktiv som tilhøyrer debitor (fast eigedom, lausøyre, bil eller liknande).

Handpant er den forma som blir nytta hjå ein pantelånar, som vurderer eigedelen ein ønskjer å pantsetja og betaler eit lån i høve til denne verdien. Dette er eit uformelt lån som kan takast opp av privatpersonar, som kan innløysa pantet innan ein viss frist.

Kjelder

endre