Parafinlampe er ei lyskjelde som bruker parafin som brensle. Ei moderne form av lampa blei opphavleg konstruert av den polske oppfinnaren Ignacy Łukasiewicz i 1853. Det er to hovudtypar parafinlampe, begge brenn parafin, men har ulik virkemåte, veikelampa og trykklampa.