Parasittoidisme

(Omdirigert frå Parasittoid)

Parasittoidisme er ein særskild form for parasittisme kor parasitten som regel drep verten sin til slutt. Det kan kort forklarast som at ein parasittoid organisme lever på ein vertsorganisme, og tek til seg næring og ressursar frå næringsopptaket til denne heilt til han døyr. Døme på parasittoide organismar er m.a. snyltekvefsar, snyltebiller og taglmarklarver.

Snyltekvefsen Aleiodes indiscretus legg egget sitt i ei sommarfugllarve.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.