Parentalia eller dies parentales (’forfedredagane’) var ei ni dagar lang romersk høgtid halden for å æra forfedrane til familien. Høgtida byrja 13. februar.[1]

Sjølv om parentalia var ei høgtid etter den romerske kalenderen, blei ho hovudsakleg markert innan familien.[2] Sidan familien var så viktig for den romerske staten blei det likevel halde offentlege seremoniar på opningsdagen, ides av februar, då ei vestalinne utførte ein rite for det kollective di parentes av Roma ved grava til Tarpeia.[3]

Høgtida enda med feralia den 21. februar. Denne dagen utførte kvar familie ofringar ved gravene til forfedrane sine.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Mary Beard, J.A. North og S.R.F. Price, Religions of Rome: A History (Cambridge University Press, 1998), s. 50; Stefan Weinstock, Divus Julius (Oxford, 1971), s. 291-6.
  2. Beard et al., Religions of Rome, s. 50.
  3. William Warde Fowler, The Roman Festivals of the Period of the Republic (London, 1908), s. 306 (1899 Internet Archive har ei tilgjengeleg utgåve.
  4. Phillips, C. Robert (2012). «Feralia». The Oxford Classical Dictionary. Oxford University Press.