Pasientsky
PasientSky (Patientsky AS)[1] er eit norskeigd aksjeselskap som leverar utvikling, sal og drift av programvare, maskiner, varer og tenester til helsesektoren. Selskapet blei skipa 14.april 2014, og vart registrert i enhetsregisteret 22.mai 2014 ifølgje Brønnøysundregistra.[2] PatientSky AS har kontor i Oslo og Sandane.
PatientSky AS er for publikum kjent som PasientSky – ein plattform for bestilling av timar, reseptar, video-konsultasjonar og e-konsultasjonar på nett. PasientSky krev innlogging på trygt vis via BankID eller Buypass.
Driftsleverandør og databehandlar for PasientSky er PatientSky Hosting AS.[3] Dagleg leiar i PatientSky AS per august 2019 er Jesper Melin. Største aksjonær er Melin Holding AS.[4]
Kjelder
endre- ↑ organisasjonsnummer 813 672 782, arkivert frå originalen 8. desember 2015, henta 2. desember 2015
- ↑ Brønnøysundregistrene
- ↑ PatientSky Hosting AS
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 8. desember 2015, henta 2. desember 2015