Pasjonsfrukt

Pasjonsfrukt er nokre artar av pasjonsblome, vanlegvis frå Passiflora edulis.[1][2] Denne planten stammar frå sørlege Brasil, Paraguay og Nord-Argentina. Pasjonsfrukt er ei tropisk frukt som blir dyrka i tropane og subtropiske område.[3]

Ulike typar pasjonsfrukt på ein marknad i Portugal

SkildringEndra

 
Pasjonsfrukt på planten i Queensland.

Fruktene har typisk storleik som ei plomme.[4] Dei kan vera runde eller ovle. Skalet kan vera gult, raudt, lilla[5] eller grønt.[6] Fruktene har eit saftig, geléaktig fruktkjøt som inneheld ei stor mengd frø som ein kan eta.[5] Smaken er litt syrleg.[1]

Skalet til ei umogen frukt er glatt, medan det på ei mogen frukt er bulka eller skrukkete.[4]

Bruk og næringsinnhaldEndra

 
Sharbat med pasjonsfrukt i Bangladesh.

Pasjonsfrukt er ei kjelde til karbohydrat, karoten, C-vitamin, jern, magnesium, fosfor, kalium, koppar, fiber og protein.[7][8] Ho inneheld ein del jern (1,6 mg/100 g), og ellers ca. 30 mg vitamin C, 348 mg kalium, 73 % vann og 193 kJ tilført energi per 100 g etande vare.[1]

Ein kan eta fruktkjøtet som det er frå frukta, eller bruka det til fruktsalat, saus, syltetøy, bakverk, smoothies og iskrem. Ein kan også sila fruktkjøtet slik at det blir steinfritt og bruka det til jus eller ulike drikkar.[4]

Frukta toler ikkje kulde, og bør oppbevarast i romtemperatur eller rundt 8-12°C, i høg luftfukt.[4]

TyparEndra

Variantar er kjende som maracuja eller maracuya, frå det portugisisk namnet på pasjonsfrukt. I Norden er dette namnet brukt om den store, gule form av pasjonsfrukt med tjukt skall, Passiflora edulis forma flavicarpa, som blir importert frå Colombia og Brasil. Grenadilla har form som eit granateple, tjukt skal og mørkt fruktkjøt, medan curuba er avlang med gult eller grønt skal, har ein karakteristisk syrleg smak, og blri importert frå Colombia.[1]

Etande sortar som blir dyrka i stor skala er:

Andre artar med etande frukter er:

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «pasjonsfrukt». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  2. Dennis S. Hill (16 July 2008). Pests of Crops in Warmer Climates and Their Control. Springer Science & Business Media. s. 605–. ISBN 978-1-4020-6738-9. 
  3. Morton JF (1987). «Passionfruit, s. 320–328; In: Fruits of warm climates». NewCrop, Center for New Crops & Plant Products, Department of Horticulture and Landscape Architecture at Purdue University, W. Lafayette, IN, USA. Henta 1. juli 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Pasjonsfrukt», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 8. mai 2019 
  5. 5,0 5,1 Ингерлейб М., Самойленко М. (12. janar2017). Целебные соки. Эксмо. s. 155. ISBN 978-5-457-42344-2. 
  6. «Маракуйя». Официальный сайт кулинарных рецептов Юлии Высоцкой. Едимдома.ру. Henta 24. februar 2017. 
  7. Конышев В. (12. januar 2017). Еда без вреда: Азбука питания. Эксмо. s. 123. ISBN 978-5-457-03689-5. 
  8. «Passion Fruit Nutritional Value».