Pater est-regelen

Pater est-regelen (frå latin, eigentleg kort for pater est quem nuptiae demonstrant, «den er far som ekteskapet viser») er regelen om at den som er gift med den fødande kvinna, også må reknast som far til barnet. Pater est-regelen er kjend heilt frå romarretten.

Pater est-regelen er lagt til grunn i norsk rett, jf. § 3 i Barnelova: «Som far til barnet skal skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.»[1]

Referansar

endre
  Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.