Paul Berstad
Paul Johan Dankert Berstad (4. april 1908–11. mai 1993) var ein folketonesamlar og songar frå Sogn og Fjordane.
Paul Berstad | |
Fødd | 4. april 1908 |
Død | |
Yrke | songar |
Paul var frå garden Berstad i Selje kommune.
Paul vart tidleg oppteken av å lytte til besteforeldra sine, som alle hadde mykje å lære ifrå seg innanfor folketonar og salmar.
Foreldra til Paul, Helga og Kristen, var også glad i song og musikk. Mykje av det Paul samla av folketonar og musikk, hadde han frå mor si, Helga Kristine Hansdatter Berstad. Helga hadde tonar etter si mor, Helga Haraldsdotter Guddal frå Stryn. Harald Kolbeinsson, faren hennar, var bonde og gjerne kjøkemeister i bryllaup.[1] Han var stortingsmann ein periode. Då stortingsmennene vestafrå kom til Mjøsa, lånte dei seg ein båt, men det gikk så som så med å ro i takt. Harald sat att'i rongja og song. «Hine tingmennene rodde Mjøsa, men han Harald Kolbeinsson song Mjøsa» vert det herma i slekta på Berstad.
Etterkvart vaks syskeneflokken til 4 gutar og 2 jenter, og i stova på Berstad var det alltid nokon som song.
I 1986 vart Paul Berstad tildelt den første Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane, for innsamla og bevarte folketoner- og musikk.
Kjelder
endre- ↑ «Paul Johan Berstad: Folkesongar, spelemann og forteljar», digitaltmuseum.no, henta 14. juli 2023
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Paul Johan Berstad ved kulturnett.no