Paul Gåsøy
Paul Gåsøy (fødd 27. februar 1935 på Sekken i Romsdal) er ein norsk biletkunstnar. Han bur i Vikebukt i Vestnes kommune. Gåsøy har utdanninga si frå Bergen Kunsthåndverkskole og Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo (1956-1958).
Paul Gåsøy | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. februar 1935 (89 år) Vestnes kommune |
Yrke | teiknar, kunstmålar |
Innkjøpt av:
endre- Institutt for Samfunnsforskning i Oslo
- Møre og Romsdal Fylkesgalleri
- Riksgalleriet
- Norsk kulturråd
- Fylkeshuset i Molde
- Trondheim Kunstmuseum
- Møre og Romsdal fylkesbåtar
- Borås kommune i Sverige
- Hordaland fylkeskommune
- Nasjonalgalleriet
- Molde Kunstforenings faste galleri
Litteratur
endre- Nokon å vere glad i Kom forlag 2006 ISBN 978-82-92496-38-1