Paul de Beauvilliers
Paul de Beauvilliers, greve og seinare (1679) 2. hertug av Saint-Aignan (1648–1714), ofte berre kalla duc de Beauvilliers, var ein fransk embetsmann under kong Ludvig XIV.
Paul de Beauvilliers | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 24. oktober 1648 Saint-Aignan |
Død |
31. august 1714 (65 år) |
Yrke | politikar |
Språk | fransk |
Far | François de Beauvilliers, 1st duc de Saint-Aignan |
Paul de Beauvilliers på Commons |
Han var førsteherre for kongens soverom (Premier gentilhomme de la Chambre du roi) i 1666, noko som gjorde at han hadde dagleg kontakt med Ludvig XIV og kunne diskutere personlege og private tema med han kvar dag. Han gifta seg med den andre dottera til Colbert i 1671.
Han var leiar for det kongelege finansrådet (conseil royal des Finances) i 1685 og sidan guvernør for hertugdømet Bourgogne (1689), hertugen av Anjou (den framtidige Filip V av Spania) (1690), og hertugen av Berry (1693), og hadde dermed ansvar for utdanninga til dei tre barnebarna til Ludvig XIV.
I 1691 gjekk han inn i Ministerrådet (Conseil d'en haut), leia av kongen sjølv, der statspolitikken vart avgjort, som religion, diplomati og krig.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul de Beauvilliers, 2nd duc de Saint-Aignan» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2012.