Opna hovudmenyen

Peder Christian Bjørnsgaard

norsk telegrafist, redaktør og stortingsrepresentant

Peder Christian Bjørnsgaard (10. september 183615. juni 1925) var ein norsk telegrafist, redaktør og stortingsmann frå Fåberg i Oppland, busett i Risør.

Peder Christian Bjørnsgaard
Fødd 10. september 1836
Fåberg
Død

15. juni 1925
Risør

Yrke politikar, redaktør, telegrafist

Bjørnsgaard var son til ein gardbrukar og kyrkjesongar. Sjølv gjekk han i vel eitt år på Lillehammer realskule, seinare arbeidde han på kontoret til generalmajor P.H. Birch. I 1856 tok han telegrafisteksamen og gjorde dei to neste åra teneste i Arendal. Frå 1859 til 1906 var han styrar av telegrafstasjonen i Risør. Åra 1867-73 redigerte han «Nedenes Amtstidende» og 1877-80 bladet «Norge». I meir enn 50 år skreiv han artiklar i ulike aviser.

Bjørnsgaard var medlem av Risør bystyre og i mange år ordførar. Han representerte valkrinsen ØsterrisørStortinget frå 1868 til -73 og på ny 1877-79. Alle tre tingperiodane var han medlem av protokollkomiteen, sekretær i komiteen den siste treårsbolken. Same treårsbolken var han også sekretær i Odelstinget. Bjørnsgaard var ein mykje aktiv talsmann for venstrepolitikken i Noreg i 1870-åra. Han gav i 1911 ut Spredte Minder fra 50- til 70-aarenes Norge.

Han døydde i Risør.

KjelderEndra