Opna hovudmenyen
Sather Tower («The Campanile»), Berkeley

Peder Sæther også kjend som Peder Sather (fødd 25. september 1810 Nordstun Nedre Sæter, Disenå i Odalen[1], Hedmark, død 28. desember 1886 i California) var ein norskfødd amerikansk bankmann. Sæthers foreldre var bonden Peder Larsen og Mari Kristoffsdatter, begge døde før guten var elleve år.[2] Sæther arbeidde først som fiskar og gjekk også i banklære i Christiania[3] før han utvandra til New York i oktober 1832. Han var i teneste hos Drexel & Co i Philadelphia før han saman med Edward W. Church flytta til San Francisco og skipa banken «Sather and Church». Sather and Church vart seinare integrert i Bank of California. Sæther vart ein velståande mann og var mellom grunnleggjarane av College of California, som seinare vart University of California, Berkeley.[4]

KjelderEndra

  1. Stavanger Aftenblad, 10.februar 2011, s.8
  2. http://sathercenter.berkeley.edu/ lest 5.11.2012
  3. Glåmdalen, 5.02.2011, s 16
  4. Aftenposten 25.oktober 2012, s.10.