Opna hovudmenyen

Peer Olson Strømme (15. september 185615. september 1921) var ein US-amerikansk teolog, journalist og forfattar.

Strømme var fødd i Winchester i Wisconsin av norskfødde foreldre. Han vart ordinert til prest i Den norske synode i 1879. Åra 1881-86 var han skuleinspektør i Norman County i Minnesota, 1887-93 dosent ved St. Olaf College i Northfield. Deretter var han rektor ved Mt. Horeb Academy 1893-94.

Strømme var medarbeidar i fleire US-amerikanske aviser. Mellom anna var han redaktør av Dagbladet og seinare av Norden, begge avisene kom ut i Chicago. Han gav ut forteljingar på norsk og engelsk. Boka Hvorledes Halvor blev prest frå 1896 skal ha vore den fyrste norskspråklege romanen skriven i USA.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok X. 1964-66