Pek (serbisk Пек) er ei elv aust i Serbia. Ho er 129 km lang og ei sideelv til Donau frå høgre. Elva renn gjennom regionane Homolje, Zvižd og Braničevo.

Pek-elva

Pek spring ut frå to kjelder, Veliki Pek og Mali Pek (Велики Пек og Мали Пек, som tyder Store og Vesle Pek).

Mali Pek kjem ned nordsida av fjellet Liškovac og renn sørvestover gjennom byen Majdanpek, eit av dei store gruvesentera i Serbia. Den andre elva, Veliki Pek eller Lipa, spring ut frå vestsida av fjellet Veliki Krš. Elva munnar ut i Donau aust for byen Veliko Gradište.

Pek har eit nedslagsfelt på 1230 km². Elva er svingete og har ei middelvassføring på 8,5 m³/s. I periodar når vassføringa i Donau er høg, kan vatn frå Donau renne oppover den nedre delen av Pek og snu vasstraumen.

Kjelder endre