Peloponneskrigen

(Omdirigert frå Peloponnesarkrigen)

Peloponneskrigen var ein serie av konfliktar mellom det athenske sjøforbundet og det peloponnesiske forbundet som var leidd av Sparta. Krigen varte frå 431 til 404 f. Kr. og vart dokumentert av den athenske generalen og historikaren Tukydid i verket Historia om Peloponneskrigen. Konflikten enda då Athen kapitulerte i 404 f. Kr. etter å ha mista flåten sin i slaget ved Aigospotamoi.

Kart over den greske verda då Peloponneskrigen starta
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.