Pensjonistpartiet
Pensjonistpartiet vart danna i 1985 som ein protest mot at saker som var viktige for pensjonistar og eldre ikkje var dominerande nok i samfunnsdebatten og at det var for få eldre i avgjerande politiske stillingar.
Pensjonistpartiet | |
Ideologi | Verdikonservatisme |
---|---|
Oppretta | 1985 |
Farge | Raud og blå |
Partileiar | Tone Coucheron |
Kommunestyre- representantar | 50 (2011) |
Fylkestings- representantar | 3 (2015) |
Nettstad | www.pensjonistpartiet.no |
Partiet byggjer på eit kristent grunnlag og fokuserer sterkt på å betre livssituasjonen til eldre og andre svake grupper i samfunnet.
Partiet har 15 fylkeslag (pr. 2005) og 42 lokallag spreidde omkring i landet. Pensjonistpartiets Ungdom starta i 2009, med eit lokallag i Vest-Agder.[1]
Pensjonistpartiet var det første norske politiske partiet som sende politisk reklame på fjernsyn, sjølv om dette er ulovleg i Noreg.[2]
Representantar frå pensjonistpartiet har aldri blitt valde inn til Stortinget, men dåverande stortingsrepresentant Arne Haukvik melde overgang til Pensjonistpartiet då han ikkje blei renominert for Senterpartiet i 1997.