Per Hansson

norsk journalist

Per Hansson (24. juli 192212. juni 1982)[1] var ein norsk journalist og forfattar. Han skreiv ei rekkje bøker om andre verdskrigen og den norske motstandskampen.

Per Hansson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1922
Kragerø kommune
Død

12. juni 1982 (59 år)
Oslo

Yrke journalist, skribent
Språk norsk
Per Hansson på Commons

Per Hansson starta som skribent i avisa Vestmar i fødebyen Kragerø. Seinare kom han til andre aviser, dels som journalist, dels med redaktøransvar, inntil han i 1957 byrja i Dagbladet.

I 1962 trefte Hansson Helge Morset, og igjennom han fekk han høyre om dei lidingane familien til Peder Morset vart utsett for under krigen. Resultatet vart boka Og tok de enn vårt liv, den første av ei rekkje halvdokumentariske forteljingar som alle kom til å få eit stort publikum. I 1965 kom Det største spillet, den av bøkene hans som fekk størst utbreiing, med utgjevingar i 10 land. Boka vart òg filma.

Kragerø kommune heidra bysbarnet Per Hansson i 2005 ved å gje plassen framfor rådhuset namnet «Per Hanssons plass».

Bibliografi endre

  • Og tok de enn vårt liv (1963)
  • Det største spillet (1965)
  • Hver tiende mann måtte dø (1967)
  • Hvem var Henry Rinnan? (1972)
  • Mamma Karasjok (1971)
  • Pantheos: en hypermoderne, gresk tragedie (1971)
  • Herr Gummistrikk og vesle Henriette (1974)
  • Oktober 1941 (1976)
  • Den siste veien: Ola Smedsgaard (1978)
  • Den farlige våren, skriven saman med Johan O. Jensen (1983)

Priser og utmerkingar endre

Kjelder endre