Opna hovudmenyen

Per André Sundnes (fødd 16. juni 1966 i Bodø) er ein norsk journalist og programleiar. Ved Eurovision Song Contest 2007 hadde Sundnes jobben som TV-kommentator etter Jostein Pedersen, og han har sidan den gongen vore tett tilknytt Melodi Grand Prix. Han er difor blitt omtalt som «Grand Prix-general».[1][2][3]

Per Sundnes
Per Sundnes.jpg
Fødd 16. juni 1966
Bodø
Yrke journalist, programleiar
Per Sundnes på Commons

Sundnes har ein bachelor-grad i film og TV frå the London Institute, som no heiter University of the Arts London.

Før tida si som journalist i NRK jobba Sundnes som lærer. Han har vore vore fast musikk- og trendkommentator i NRK-programmet Store studio frå 2002 til 2007.

I 2005 utgav han boka Chic og bruk, som han skreiv saman med journalisten Lillian Vatnøy.[4]

Sundnes er sambuar med Tore Lengren.[5]

ReferansarEndra

  1. Olav Brostrup Müller (19. mai 2010). «Når ble Grand Prix skeivt?». Klassekampen. Henta 23. mars 2012. «Selv har grand prix-general Per Sundnes problemer med å kalle (...)» 
  2. Atle Jørstad og Mads A. Andersen (22. mai 2010). «Avviser hjelp fra Sundnes». VG Nett. Henta 23. mars 2012. «Didrik Solli-Tangen avdramatiserer kontakten med NRK-vennen og Grand Prix-generalen Per Sundnes.» 
  3. Merete Skogrand (20. mars 2012). «Tooji med vinner-utgangspunkt i Baku». Kjendis.no/Dagbladet.no. Arkivert frå originalen 2012-03-22. Henta 23. mars 2012. «Det er Melodi Grand Prix-general Per Sundnes enig i. Han ser bare fordeler med å komme seint i andre semifinale.» 
  4. Espen A. Eik (28. juli 2006). «Det spøker i forlagene». Aftenposten. Henta 13. januar 2007. 
  5. Jonas Skybakmoen (18. februar 2010). «- Når du er én meter høy, fet og homo, så blir alt enklere». Dagbladet. Henta 24. mars 2012. «Videre sier Sundnes at han og kjæresten Tore Lengren, som jobber som lege, er «superlike».»