Perihelrørsle
Perihelrørsle er ei langsam dreiing av den store aksen (linja mellom perihelium og aphelium) hos ein planetbane. Dette kjem av gravitasjonspåverknaden frå dei andre planetane. Dreiingsfarten kan reknast ut ved hjelp av metodar innan himmelmekanikken. Perihelrørsla til Merkurbanen er til dømes 574 bogesekund per hundreår, men berre 531 av desse kan forklarast ved hjelp av likningane til Newton. Det var difor ein stor triumf for Albert Einstein då den generelle relativitetsteorien hans òg kunne forklare dei resterande 43 bogesekunda per hundreår.
Kjelder
endre- «Perihelbevegelse», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014