The Perseus Project er eit non-profit-prosjekt for å laga eit digitalt bibliotek (Perseus Digital Library). Det er basert ved Tufts University i Medford i Massachusetts i USA, der det blir drive av Department of Classical Studies.[1] Planlegginga byrja i 1985, og dei fyrste samlingane vart oppretta i 1987.[2]

Målet er eit omfattande og fritt tilgjengeleg nettbibliotek for humaniora, med eit tydeleg fokus på innsamling av kjelder om antikken, spesielt på den arkaiske og klassiske perioden. Kjeldene er vanlegvis omsette, men dei respektive originaltekstane (vanlegvis gresk eller latin) er tilgjengelege, til liks med nokre eldre ordbøker.[3][4]

Gregory Crane er ansvarleg redaktør for prosjektet, som representerer ei av dei viktigaste samlingane av kjelder om antikken tilgjengeleg på nettet.[5]

Det blir òg i aukande grad lagt ut materiell om andre fagområde, om USA-amerikansk historie på 1800-talet eller renessansen i England, som gjekk gjennom det norrøne språket.[6]

Prosjektet har publisert koden for nettstaden sin på SourceForge, og det meste av innhaldet som blir tilbode er i offentleg eigedom.[3]

Kjelder

endre
  1. «Tufts University» (på engelsk). 
  2. Gregory R. Crane. «About us» (på engelsk). Tafts University. «Since planning began in 1985, the Perseus Digital Library Project has explored what happens when libraries move online. [...] Our flagship collection, under development since 1987, covers the history, literature and culture of the Greco-Roman world.» 
  3. 3,0 3,1 «Open source». Perseus Digital Library (på engelsk). Henta 25 juin 2016. 
  4. «Perseus Collections/Texts», www.perseus.tufts.edu, henta 11. september 2022 
  5. «Gregory R. Crane». Tufts University (på engelsk). Henta 25. juni 2016. 
  6. Perseus Project - Download Page (for data og kjeldefilar)

Bakgrunnsstoff

endre