Phan Fa Lilat-brua

Phan Fa Lilat-brua (thai สะพานผ่านฟ้าลีลาศ) er ei historisk bru over kanalen Khlong Bang Lamphu på avenyen Thanon Ratchadamnoen i Bangkok, nær Mahakan Fort, Dronning Sirikit-galleriet og Kong Prajadhipok-museet. Ho deler avenyen i to delar: Ratchadamnoen Klang (ราชดำเนินกลาง; Sentrale Ratchadamnoen) og Ratchadamnoen Nok (ราชดำเนินนอก; Ytre Ratchadamnoen). Brua blir rekna for å vera systerbrua til Phan Phiphop Lila-brua (สะพานผ่านพิภพลีลา), som er på Ratchadamnoen Nai (ราชดำเนินใน; Indre Ratchadamnoen) nær Royal Rattanakosin Hotel ved sida av Sanam Luang.

Phan Fa Lilat-brua

Typebru
StrekningRatchadamnoen Avenue
KryssarKhlong Ong Ang
Kart
Phan Fa Lilat-brua
13°45′22″N 100°30′20″E / 13.756203°N 100.505694°E / 13.756203; 100.505694

Det er ukjent kva tid brua er bygd. Det er grunn til å tru at ho vart bygd saman med Thanon Ratchadamnoen under kong Chulalongkorn (Rama V). Ho er ei ornamentert stålbru.

Sidan ho er på Thanon Ratchadamnoen mellom Demokratimonumentet og Den kongelege plassen ved Dusit-palasset, har ho i løpet av Thailands historie ofte vorte brukt som stad for politiske samlingar, slik som den 14. oktober 1973, mai 1992, PAD-opprøra både i 2006 og 2008 (to udemokratiske opprør for diktatur av gulskjortene), UDD-opprøret i 2009 (eit pro-demokratisk opprør av raudskjortene), opprøret i Thailand i 2010 (eit pro-demokratisk opprør av raudskjortene som vart slått ned av militæret), Folkets demokratiske reformkomité-opprøret i 2013-2014 (eit udemokratisk opprør for diktatur og absolutt monarki av dei tidlegare gulskjortene, eller PAD), og dessutan fleire.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.