Philipp F. T. Meckel
Philipp Friedrich Theodor Meckel von Helmsbach (1755–1803) var ein tysk anatom og obstetrikar frå Halle. Han var son av anatomen Johann F. Meckel den eldre og far til anatomen Johann F. Meckel den yngre. Han var i samtida kjent som ein framståande fødselshjelpar og blei tilboden stilling som leiar av helsestellet i Russland av den russiske herskaren Katharina II.
Philipp F. T. Meckel | |||
| |||
Fødd | 30. april 1755 Berlin | ||
---|---|---|---|
Død | 17. mars 1803 Halle (Saale) | ||
Nasjonalitet | Kongedømet Preussen | ||
Yrke | professor, fødselslege, kirurg, anatom | ||
Institusjonar | Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg | ||
Alma mater | Universitetet i Göttingen Université de Strasbourg | ||
Barn | Johann F. Meckel, Albrecht Meckel |
Meckel bidrog til den Meckelske samlinga, ei samling av anatomiske preparat ved universitetet i Halle, med preparat knytt til obstetrikken.
Kjelder
endre- «Die Meckel-Ära und die Meckelschen Sammlungen». Lau Verlag.