Phonofestivalen er ein musikkfestival i Bergen som har utgangspunkt i Studentradioen i Bergen og den 25 år lange levetida som lokalradio og som musikk-, samfunns- og kulturarrangør. Studentfestivalen blei først arrangert i 2005 som eit prosjekt over fleire periodar då ein avvikla festival både i februar og oktober. Phonofestivalen er ein ikkje-kommersiell organisasjon. Festivalen blir driven av eit frivillig styre på 6 personar, samt ei gruppe på omtrent 100 frivillige medarbeidarar. I tillegg er det samarbeid med dei forskjellige utestadene der festivalen blir halden.

Måla til Phonofestivalen endre

Phonofestivalen har som mål å presentere eit breitt program med eit fokus på dei små, spanande og kommande, dei lokale og regionale, dei alternative og dei uetablerte aktørane. Fleire av artistane har seinare blitt booka til større musikkfestivaler og arrangementer, som Øyafestivalen og Bylarm By:larm.

Dei seinare åra har festivalen blitt halden ei veke i september. Radioen og festivalen er nært knytte, gjennom til dømes radiokaféar som blir arrangert av dei forskjellige programma i radioen. Phonofestivalen skal gjenspeile radioen sitt lyttartilbod gjennom arrangering av ikkje berre konsertar, men òg kulturarrangement som teater og kunstutstillingar, i tillegg til samfunnsdebattar.

Tema endre

Kvart år ber festivalen preg at eit aktuelt tema for studentar og samfunnet generelt. Desse tema har - historisk sett - vore:

  • 2005: Arr
  • 2006: Flesk
  • 2007: Boss
  • 2008: Begjær
  • 2009: Robotar

Bakgrunnsstoff endre