Pianokonsert nr. 1 av Mozart

Pianokonsert nr. 1 i F-dur, KV 37, er ein solokonsert for piano komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i april 1767, då han var elleve år gammal i Salzburg. Konserten vart lenge rekna for å vere original, men ein veit i dag at han er ei omarrangering av sonatar frå fleire tyske virtuosar.

Pianokonsert nr. 1 i F-dur
K. 37
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1767
Typisk lengd15:53
Satsar/akter3
ToneartF-dur

I dei første fire pianokonsertane sine baserte Mozart kvar sats på ein pianosonate komponert av nokon andre. Denne praksisen med å låne, tilpasse og arrangere stykke frå andre komponistar var vanleg i operaer på denne tida, og musikkvitarar trur at faren Leopold Mozart ønskte at sonen skulle verte kjend med denne måten å skrive på. Konsertane vart arrangerte i 1767, då Mozart var elleve år, etter eit lengre opphald i Paris. Det var på denne turen at Mozart vart kjend med komponistane Johann Gottfried Eckard, Johann Schobert, Hermann Friedrich Raupach og Leontzi Honauer, som sonatane er lånte og arrangerte frå.

Konserten er instrumentert for strykarar, piano (eller cembalo) og par av oboar og horn. Dei tre satsane er:

  1. Allegro
  2. Andante - i C-dur
  3. Allegro

Den andre satsen i F-dur-konserten er den einaste satsen av dei fire verka som ikkje enno er identifisert med verket til ein annan komponist. Den første satsen er eit arrangement av Raupach sin pianosonate nr. 5, og finalen kjem frå Honauer sin Sonate Op. 1 nr. 3.

Kjelder endre

Pianokonsert nr. 1 av MozartAllmusic

Bakgrunnsstoff endre