Pianokonsert nr. 8 av Mozart

Pianokonsert nr. 8 i C-dur, K. 246, eller Lützowkonserten vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i april 1776, same året som Haffnerserenaden (KV 250).[1] Grevinne Antonia Lützow, 25 eller 26 år gammal, og den andre kona til Johann Nepomuk Gottfried Graf Lützow, kommandanten på Hohensalzburg, var ein flink pianist.[2] Soloverket er ikkje særskilt krevjande, men det krev snøggleik. Mozart spelte pianokonserten i Mannheim og München den 4. oktober 1777 og nytta det til opplæring. Tre forskjellige kadensar finst i dag, og er tilpassa musikaren frå studentnivå til profesjonell[3]: ein er for to piano.[4] [5] [6]

Pianokonsert nr. 8 i C-dur
K. 246
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1776
Typisk lengd22:23
Satsar/akter3
ToneartC-dur

Ein trur òg at Mozart kan ha skrive ein fiolinkonsert for bror hennar Johann Rudolph Czernin (og nesten på same alder som Mozart).[7] Johann Rudolf, systera hans og faren deira var i samband med Mozart på denne tida, medan Mozart var i teneste hos onkelen deira grev Hieronymus von Colloredo.[8]

Konserten høver for nybyrjarar, [9] og er i tre satsar:

Kjelder endre

  1. Hutchings, A. 1997. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press. ISBN 0-198-16708-3
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. oktober 2008, henta 29. desember 2010 
  3. http://www.answers.com/topic/piano-concertos-nos-1-8
  4. Robbins Landon, H.C.C. (1990) The Mozart Compendium. ISBN 90-4390-312-4 pb.
  5. http://dme.mozarteum.at/DME/nma/nma_cont.php?vsep=148&l=1&p1=6
  6. http://www.naxosdirect.com/title/8.550208
  7. Mozartforum [1]
  8. The Cambridge Mozart encyclopedia by Cliff Eisen, Simon s. Keefe [2]
  9. Mozarts Klavierkonzerte: Ein musikalischer Werkführer av Marius Flothuis [3]
  10. Piano Concertos Nos. 7-10 i Full Score: With Mozart's Cadenzas[4]
  11. Structural novelty and tradition in the early romantic Piano Concertos Door Stephan D. Lindeman[5]

Bakgrunnsstoff endre