Pim
Pim er ei elv i det autonome området Khanty-Mansia i Russland. Ho er ei sideelv til Ob frå høgre, med ei lengd på 390 km og eit nedbørfelt på 12 700 km². Middelvassføringa 166 km frå munningen er 68 m³/s. Elva er isdekt frå slutten av november til vårløysinga i mai.
Byen Ljantor ligg ved Pim.