Pioneer 0 (dessutan kjend som Thor-Able 1) var ein amerikansk romsonde som var meint å skulle krinsa rundt månen. Han vart freista skoten opp 17. august 1958 av United States Air Force. Dette var einaste sonden i Pioneer-programmet som vart skoten opp av det amerikanske luftforsvaret sidan romfartsorganisasjonen NASA etter kvart vart danna. Sonden var den fyrste freistnaden av noko land på å få ein sonde utanfor jordbane.

Pioneer 0

77 sekund etter oppskytinga ved ei høgd på 16 kilometer vart sonden øydelagd ved at fyrstetrinnet eksploderte.

Etter planen skulle Pioneer 0 ha nytta 2,6 dagar på ei ferd til månen der sonden ville ha sett seg inn i ein bane som skulle ha vart rundt 2 veker.

Mellom instrumenta Pioneer 0 hadde med seg var eit infraraudt TV-kamera. Sonden vog 38,1 kilogram.

Kjelder endre