Opna hovudmenyen
For byen Pisco sjå Pisco.
Pisco-flasker frå Peru.
Pisco-flasker frå Peru.
Foto: Manuel González Olaechea y Franco

Pisco (quechua pisqu, 'liten fugl') er eit chilensk og peruansk brennevin laga av druer frå vinområda i dei to landa. Pisco er det mest utbreidde og typiske brennevinet i Peru, Bolivia og Chile. Han blir brukt i cocktailen pisco sour, som er ikonisk for både Chile og Peru.

Det har oppstått ein tvist mellom dei to produsentlanda om retten til å produsere brennevinet som ein eksklusivt kulturvare fordi både Chile og Peru reknar pisco som sitt nasjonalbrennevin. I Peru vert det hevda at pisco oppstod i byen Pisco, medan chilenarane har gjeve landsbyen La Unión det nye namnet Pisco Elqui for å gå imot argumentet frå Peru.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pisco
  Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.