Eit plekter er ei lita skive, vanlegvis i plast, som blir brukt til å slå an ein streng på eit strengeinstrument for å bringe fram ein tone. Det blir mykje brukt når ein spelar på til dømes el-gitar, mandolin, sitar og balalaika.

Nokre ulike plekter.

Plekteret er ofte trekantforma, slik at den eine spissen kan brukast til toneslaget. Der finst òg fingerplekter til å feste på fingrane, for å slå an tonen med dei.