Poľana
Poľana er ei lita fjellkjede sentralt i Slovakia. Ho ligg nordaust i fjella Slovenské stredohorie. Den høgaste toppen er Poľana - ein inaktiv stratovulkan - på 1458 meter over havet.
Fjellkjeda grensar til Dei slovakiske malmfjella i aust, eller meir presist Veporské vrchy, og Zvolenbekenet i sør og vest.
SIdan 1981 har fjellkjeda vore verna som ein del av Poľana verna landskapsområde. Av stader i nærleiken finn ein Hrochoť, Očová, Detva, Hriňová og Ľubietová.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Poľana» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2009.