Pokljuka er eit skogkledd karstplatå i Julialpane, nordvest i Slovenia. Platået ligg mellom 1 100 og 1 400 meter over havet, og utgjer ein del av nasjonalparken Triglav. Området ligg dels innafor kommunane Bled, Bohinj og Gorje.

Grend i Pokljuka

Pokljuka er eit kjent område for vintersport og fjellvandring. Sidan 1993 har det mest årleg vorte arrangert renn i verdscupen i skiskyting. VM i skiskyting 2001 vart i sin heilskap arrangert i Pokljuka, medan det OL-åra 1998 og 2006 vart avvikla enkeltrenn i verdsmeisterskapane 1998 og 2006. Skiskytingsarenaen i Pokljuka ligg i luftlinje 15 km vest for landsbyen Bled.

Kjelder endre