Polína Misailídou
Polína Paraskeví Misailídou, kjend som Polína, er ein gresk songar. Polína er fødd og oppvaksen i Néa Smýrni, ein forstad sør for Aten. Ho starta karriéra si i 1971 då ho song songen «Lives» i Thessaloniki Song Festival.
Polína Misailídou | |||
| |||
Fødd | 28. juli 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Néa Smýrni | ||
Opphav | Hellas | ||
Aktiv | 1977– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Sony Music | ||
Verka som | songar |
Eurovision Song Contest
endreI 1979 var ho støttevokalist for Elpída som representerte Hellas og framførte songen «Sokráti» i Eurovision Song Contest.
Sju år seinare, i 1986, vart ho sjølv vald til å representere Hellas i Eurovision Song Contest, men den nasjonale kringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) trekte seg heilt uventa ut av tevlinga. Polína sa at det var på grunn av politiske problem i Hellas, men ho bemerka seg at ein Eurovision-nettstad hadde oppgjeve at det var fordi tevlinga vart halden kvelden før den ortodokse påsken. Ho skulle delteke med songen «Wagon-lit».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Polina Misailidou» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2012.