Politivald viser til valdsbruk frå politiet. Ved sida av militærvesenet er politiet vanlegvis den einaste institusjonen med lovfesta myndigheit til autorisert maktbruk. Visse former for valdsbruk blir generelt oppfatta som legitime, som avgrensa bruk av vald ved arrestasjonar eller for å hindra skade frå ein valdsbrukar. Andre typar praksis, som overdriven eller unødvendig valdsbruk eller bruk av vald for å tvinga fram tilståingar (tortur), blir gjerne rekna som illegitim og kan strida mot lovverk eller internasjonale menneskerettar. Kva som er «nødvendig» og kva som er «unødvendig» valdsbruk kan vera vanskeleg å skilja klart, og situasjonar blir gjerne oppfatta ulikt av valdsutøvarar og dei det blir utøvd vald mot.

Politivald i Noreg

endre

I Noreg er politivaldsakene i Bergen1970- og 80-talet truleg det mest omfattande tilfellet av politivald i nyare tid.

Berre ein liten del av meldte tilfelle av politivald i Noreg endar med domfelling. Statistikken i slike saker viser at det er svært vanskeleg å vinna fram. I første halvår av 2008 behandla Spesialeininga for politisaker 485 saker, og 3 prosent av tilfella førte til påtaleavgjerdsler som førelegg, sikting, tilståingsdom eller tiltale. Ein del saker (19 tilfelle) blei ikkje avgjort ved spesialeininga, men gjekk til administrativ vurdering hjå politimeister eller sjef for særorgan. Blant dei som klaga på behandling av saka var det berre 3 som nådde fram, av 74 klager på Spesialeininga sine avgjerdsler blei desse oppretthaldne i 71 saker.

Kjelder

endre