Polymiktisk er eit omgrep nytta om innsjøar der vassmassane gjennomgår ein nær kontinuerleg fullsirkulasjon. Dette er ein termisk innsjøtype som mellom anna er karakteristisk for høgfjellssjøar i ekvatoriale strøk. Slike område har små årlege variasjonar i lufttemperaturen, men varmetapet frå vassoverflata i innsjøane er alltid så stort at det hindrar danning av eit stabil temperatursjikt i vassmassane.

Kjelder endre

«Polymiktisk» i Store norske leksikon, snl.no.