Portland i Maine

Portland er den største byen i den amerikanske delstaten Maine. Byen ligg ved atlanterhavskysten, i Cumberland County sør i delstaten. Portland er i dag det økonomiske og kulturelle senteret av Maine, og er eit populært turistmål på grunn av det historiske hamneområdet.

Portland
by
Portland twighlight.jpg
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Maine
Fylke Cumberland
Del av Greater Portland
Folketal 68 408 (2020[1])
 - storby 551 740

Portland i Maine
43°39′36″ N 70°15′18″ W
Wikimedia Commons: Portland, Maine
Nettstad: Offisiell nettstad Edit this at Wikidata

HistorieEndra

Portland har hatt fleire namn. Urfolka som først budde her kalla staden Machigonne, som tyder 'stor hals'.[2] Britane som slo seg ned her i 1632 grunnla ein hamneby dei kalla Casco,[2] seinare, i 1658, Falmouth. Byen blei lagd i ruinar av abenakiarane i 1675, og igjen i 1775 av britane under sjølvstendekrigen.

Ein del av Falmouth kjend som The Neck ('Halsen'), blei bygd ut som hamneområde skild frå resten av byen, og fekk namnet Portland i 1786. Namnet stammar frå Isle of Portland i Dorset i England.[3] Portland var delstatshovudstad i Maine frå staten blei medlem av USA i 1820 til 1832, då hovudstaden blei flytt til Augusta.

I 1866 brann mykje av Portland ned til grunnen på den amerikanske sjølvstendedagen, 4. juli. Byen blei hovudsakleg bygd opp att i stein- og murbygningar.

Folk frå PortlandEndra

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Explore Census Data». census.gov. United States Census Bureau. Arkivert frå originalen June 24, 2021. Henta 19 June 2021. 
  2. 2,0 2,1 History of Portland, Maine, Maine Resource Guide, arkivert frå originalen 31. januar 2013 
  3. Coolidge, A. J. and J. B. Mansfeld (1859). A History and Description of New England, General and Local. Boston: Austin J. Coolidge, p. 301.

BakgrunnsstoffEndra