Potensialbarriere

Potensialbarriere er i kvantefysikk eit område der det elektriske potensialet varierer sterkt. Kjem ein ladd partikkel inn mot ein barriere med så liten energi at han etter klassiske reglar skulle stoppast og vorte send attende i motsett retning, har han likevel i følgje kvantefysikken eit visst sannsyn for å passere barrieren. Slik barrieregjennomtrenging er i strid med den klassiske førestillinga om bevaring av energi, men er i samsvar med Heisenbergs uvisserelasjon.

KjelderEndra